Fredag 3. februar er det klart for utdeling av Luttprisen, årets artist frå Sogn og Fjordane, frå Operahuset i Nordfjord.
Sogn er sterkt representert
– Dette gler me oss veldig til. Det kjem til å bli eit show som verkeleg viser fram musikklivet i Sogn og Fjordane. Me skal fylla scena med opplevingar som du berre får på Luttprisen, seier Stian Sjursen Takle, prosjektleiar for Luttprisen, i ei pressemelding.
Sognetrioen Kjartan Lauritzen frå Balestrand, Gunn Kvaale frå Sogndal og Verdsmannen Thorbjørnsen frå Årdal er blant dei som knivar om den gjævaste prisen, medan Sindre Steig frå Luster kan bli årets nykomar.
Det same kan Høyanger-artisten Anita Nordheim med bandet sitt.
Ifølgje pressemeldinga er det så langt kome inn rekordmange røyster frå publikum. Prisane vert avgjort av ein fagjury saman med publikumsstemmer.
Frå heile Sogn og Fjordane
Arrangøren skriv i pressemeldinga at Luttprisen skal i første rekke vere ei feiring av det siste året, men det blir også servert heilt splitter ny musikk i Operahuset denne fredagskvelden.
Mellom anna skal Finn Tokvam, Olav Stedje og Odd-Erik Lothe framføre musikk frå si komande plate for aller første gong.
Men det kjem mange fleire artistar for å lage fest på scena i Operahuset.
– Målet vårt er å lage årets musikkfest for musikklivet i Sogn og Fjordane, avsluttar Takle.