Gå til sidens hovedinnhold

Sterkt kritisk til raudt nivå på vidaregåande – ber regjeringa snu

Det er uforsvarleg at regjeringa har valt å halde dei vidaregåande skulane på raudt smittevernnivå – i strid med faglege råd, meiner barneombod Inga Bejer Engh.

– Det skal vere faglege råd, ikkje frykt som styrer tiltaka. Å leggje på litt ekstra når det gjeld tiltak for å vere på den sikre sida, er uforsvarleg etter to år med pandemi, seier Engh.

Ho ber regjeringa snu og setje vidaregåande skular på gult nivå frå 3. januar. Barneombodet påpeikar at ungdommane allereie har bore ei stor byrde gjennom pandemien.

– Dette er særleg alvorleg no som regjeringa har kunnskap om kva for alvorlege konsekvensar det har å avgrense det fysiske nærværet til elevane på skulen, seier barneombodet.

Grip inn i rettar

Måndag valde regjeringa å setje faglege råd frå både Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet (FHI) og Utdanningsdirektoratet til side og vidareføre raudt smittevernnivå i den vidaregåande skulen.

Raudt nivå på vidaregåande betyr framleis nærvær og undervisning, men krav til få nærkontaktar og avstand for dei eldste elevane. I tillegg inneber det ein del digital undervisning.

– At dei blir haldne på raudt nivå over heile landet, er uforsvarleg sidan det er i strid med alle dei faglege råda. Tiltaket inneber mykje heimeskule og lite sosial kontakt for mange ungdommar, seier Engh.

Kommentarer til denne saken