SIGER: Studentspretten vann laurdag 2-0 heime mot Stryn. (Foto: Studentspretten)

Sterk siger til studentane over Stryn

Studentspretten kom tilbake på vinnarsporet, medan Syril mista sigeren like før slutt. Slik gjekk det i lokalfotballen laurdag.

Publisert 10.08.2019 kl. 19.15. Oppdatert kl. 19.19.

Sist helg tapte Studenspretten 2-1 borte mot Årdal. Laurdag kom dei tilbake på vinnarsporet etter 2-0 over Stryn heime på Kvåle stadion.


Det var mållaust då laga gjekk til pause, men etter kvilen var heimelaget sterkast. Først sende Pål Madsen Gundegjerde heimelaget i føringa etter 50 minutt. Ti minutt før full tid dobla Eric Aarebrot Skorpen til 2-0, som også blei sluttresultatet.


I Bremanger blei det ein thriller då Syril kom på besøk. Gjestene hadde tre poeng i lomma då Eirik Husabø sendte dei gule og svarte i leiinga fem minutt før slutt. Men to minutt seinare utlikna heimelaget til 3-3. Dermed blei det poengdeling. Syril sine mål blei scora av Ole-Morten Søderholm, Anders Lunde Hjeltnes og nemnde Husabø.


I Eid fekk Høyang juling av heimelaget. Til slutt stod det 9-1 i målprotokollen, medan Dale vann 2-1 borte mot Tornado Måløy.


I 3. divisjon fekk Sogndal 2 det tøft mot Vard Haugesund. Heimelaget leia 1-0 til pause, og etter kvilen rakna det fullstendig for sogningane. Til slutt enda kampen 6-0. 


Les meir om: Sport Fotball