Sogndal 2-spelarane Jonas Tillung Fredriksen og Erlend Hanssen Grov scora eitt mål kvar i 2-1 sigeren over Lysekloster. (Foto: Elin Hæreid)

Sterk siger til Sogndal over topplaget. Sjå scoringane

Pangstart sikra heimelaget tre poeng på Fosshaugane Campus. Les også korleis det gjekk med dei andre sognelaga i 4. divisjon.

Publisert 18.08.2018 kl. 18.51. Oppdatert kl. 18.56.

Sogndal kom raskast ut av startblokkene i 3. divisjonskampen mot opprykkskandidaten Lysekloster.


Allereie etter sju minutt sendte Erlend Hanssen Grov heimelaget i føringa og berre tre minutt seinare dobla bergensaren Jonas Tillung Fredriksen til 2-0, som også var pauseresultatet. 


Etter kvilen jakta gjestene redusering, men måtte venta heilt til dei var komne på overtid før dei fekk hol på byllen. Kristoffer Østervold fekk æra av å scora Lyseklosters første og siste for kvelden, og kampen enda til slutt med 2-1 siger til Sogndal.


Dermed ser opprykksdraumen for Lysekloster, som har to sognignar på laget, mørk ut. Dei ligg no fem poeng bak serieleiar Sotra med ein kamp meir spelt.


For Sogndal var dette ein viktig siger, og laget klatra opp på 8. plass på tabellen. 


Artikkelen held fram under videoen:



Full rulle i Kretsligaen

Jubel vart det også for Fjøra, som vann heile 7-2 borte mot Dale laurdag ettermiddag. Morten Knutsen, Malvin Gjerde (3), Andreas Lerheim Olsen og Mathias Flo scora raudtrøyene sine mål.  


Vik fekk med seg eitt poeng heim i bagasjen frå kampen mot Tornado Måløy etter at oppgjeret i Nordford enda 1-1. Erlend Fjærestad Aase gav vikjene leiinga i 1. omgang, men etter kvilen utlikna heimelaget.  


Årdal FK fekk det som venta svært tøft mot Stryn. Men det var gjestene frå industribygda som opna oppgjeret best.


Johnny Aspeseter Hagen scora kampens første mål etter åtte minuttar, men like før puase utlikna Stryn til 1-1.


Etter kvilen handla det berre om heimelaget. Dei scora fem gonger i løpet av dei siste 45 minuttane før Abbas Wahabu reduserte til 6-2 på overtid.