Sterk kuling og snøbyer i vente

MYKJE VIND I VENTE: Torsdag blir det mykje vind. Det blir sterk kuling og liten storm i vest, melder Meteorologene.

MYKJE VIND I VENTE: Torsdag blir det mykje vind. Det blir sterk kuling og liten storm i vest, melder Meteorologene. Foto:

Torsdag blir ein heftig dag vêrmessig – og helga blir ikkje mykje å skryta av heller.

DEL

(FIRDA) Meteorolog Frode Hassel ved vêrvarslinga på Vestlandet fortel at me har nokre heftige dagar i vente.

Årsaka er to lågtrykk som kjem frå Trøndelag og like sør for Stad.

Dette gir oss ein del ruskevêr og vind, som me får merka allereie onsdag kveld og torsdag morgon.

– Nord i Sogn og Fjordane kan vinden slakka litt av, men her er situasjonen litt usikker sidan me ikkje veit kva bane lågtrykket tek. I sør kan vinden koma opp i liten storm ved kysten og i fjellet.

Sludd og snøbyer over det heile

Men uansett kvar du er i Sogn og Fjordane: Når lågtrykket kjem inn mot land, så blir det skikkeleg dårleg vêr overalt.

– Det blir ein god del bygevêr og vind, og det blir kaldare. Det blir også sludd og snøbyer over det heile.

Fredag og laurdag held fram med kald luft, men vinden minkar litt.

– Men snøbyene held fram, og nokre stader kan det koma 10–15 cm, seier Hassel.

Temperaturane vil liggja rundt 0 ved kysten, medan det i høgda blir nokre minusgrader.

Søndag kjem temperaturane til å stiga, og det blir mildare att.

Artikkeltags