Stephan (35) siktar mot topplassen – Raudt i siget

VIL TIL TOPPS: Stephan Øren frå Årdal siktar seg inn mot toppen av lista til Raudt ved stortingsvalet neste haust. (Arkivfoto)

VIL TIL TOPPS: Stephan Øren frå Årdal siktar seg inn mot toppen av lista til Raudt ved stortingsvalet neste haust. (Arkivfoto) Foto:

Stephan Øren frå Årdal siktar mot topplassen på stortingsvallista til Raudt i Sogn og Fjordane.

DEL

Det skriv Raudt Årdal i ei pressemelding.

Raudt Årdal nominerer i tillegg Hege Terese Olsen til stortingsvallista for 2021.

Sperregrensa

Raudt Årdal viser til at dersom Raudt bryt sperregrensa ved valet i 2021, vil Raudt kunne få inn mange mandat på

Stortinget. Gjennomsnittstal frå pollofpolls.no for juni månad viser at Raudt har 4,6 prosent oppslutnad og

ville fått 8 mandat på stortinget dersom det var val i dag.

– Eitt av dei mandata kunne vore utjamningsmandat for Sogn og Fjordane.

Lokallag

Stephan Øren var med på må skipe lokallag i Årdal i 2018, og kom inn i kommunestyret i Årdal ved kommunevalet 2019. Øren har bakgrunn frå industrien i Årdal og er aktiv innan fagforeiningsarbeid.

– Industribygdene i Sogn treng ein sterk talsmann for at industrien i Noreg skal få så gode rammevilkår som mogleg, heiter det i pressemeldinga.

Øren vil også jobba for å få oppløyst tvangssamanslegne kommunar og fylkeskommunar, også Vestland.

Andre nominerte

Dei andre nominasjonane til Stortingsvallista frå Raudt Årdal er Geir Oldeide, Vågsøy, Ingunn Kandal, Høyanger, Einar Ove Rysjedal, Høyanger, Rita Tonning, Sunnfjord og Sigbjørn Leirdal, Luster.

Forslaget til liste skal vere ferdig frå nominasjonskomitéen 20. august, og nominasjonsmøtet der lista blir vedteken er 7. november.

Artikkeltags