Ei laus plate som hang ned mot vegbana gjorde at Midnestunnelen i Årdal mellom Øvre og Tangen vart stengd i over ein time onsdag.

– Entreprenør er varsla og på veg, skreiv Vegtrafikksentralen på Twitter klokka 15:25.

Klokka 16:10 melde dei at entreprenøren var på staden, og jobba med å sikra plata.

Arbeidet var då venta å ta rundt ein time, men kort tid seinare kom beskjeden om at vegen var opna for trafikk.