Gå til sidens hovedinnhold

Stengt, stengt, stengt

Fleire fjellovergangar er framleis stengde.

Tysdag morgon melder Statens vegvesen at riksveg 13 over Vikafjellet er stengt på grunn av uvêr. Det vert gjort ei ny vurdering klokka 14.

Du kjem deg heller ikkje mellom Årdal og Tyin på fylkesveg 53. Vegen er stengt på grunn av dårleg vêr, og vert ikkje opna i dag.

Også fylkesveg 50 Hol-Aurland var stengt på grunn av uvêr fram til klokka 08.00. No er det innført kolonnekøyring.


Stoda på dei andre fjellovergangane tysdag morgon er slik:

Rv. 15 Strynefjellet

Stengt på grunn av uvêr og fare for ras.

Rv. 7 Hardangervidda

Stengt på grunn av uvêr.


Rv. 52 Hemsedalsfjellet

Kolonnekøyring på grunn av uvêr.


E16 Filefjell

Kolonnekøyring kan bli innført på kort varsel. Klokka 05:30 var det -5 grader, laber bris og snø.


E134 Haukelifjell

Stort sett bart, fare for glatte parti og noko redusert sikt. Klokka 05:30 var det -8 grader, frisk bris og delvis skya.

Ope att

Riksveg 5 mellom Skei og Sogndal vart stengd i 1-tida natt til tysdag då ein utanlandsk lastebil køyrde seg fast og hamna på tvers av vegen. Ifølgje politiet skal lastebilen ha mangla kjettingar. På morgonkvisten vert det meldt at vegen er open att.

Fleire vegmeldingar finn du her.

Kommentarer til denne saken