Gå til sidens hovedinnhold

Stengt på grunn av bilberging

Vegtrafikksentralen melder at riksveg 13 over Vikafjellet no er stengt. Årsaka er bilberging. Det er tidlegare måndag morgon innført kolonnekøyring over fjellet på grunn av uvær.

Det vert ikkje starta opp att kolonnekøyring før tidlegast klokka 16. Då vert det teke ei ny vurdering, men utpå ettermiddagen kom det melding om at vegen opnar klokka 14.30.

Kommentarer til denne saken