FREDA FISKE: Det vert ikkje lov å fiska i Flåmselvi i år på grunn av at bestanden av laks og aure er for låg. (foto: Arne Veum)

Stengt for fiske i Flåmselvi

Fylkesmannen har stengt fisket etter laks og sjøaure i Flåmselvi og i munningssona utanfor.

Publisert 27.06.2019 kl. 15.47. Oppdatert kl. 18.28.

Forbodet gjeld ut året.


Freda fiske

I forskrifta om fiske etter anadrome fisk i sjøen er det lov å fiska etter laks og sjøaure frå 1. juli til 31. juli.


Fylkesmannen har stengd fiske i Flåmselvi for denne perioden i år.


Ved å freda fisket i elva vert det heller ikkje lov å fiska etter laks og sjøaure i sjøen ut til Dorganeset.


Kritisk

Fylkesmannen har fått varsel om att bestandssituasjonen til villaks i Flåmselvi er kritisk.


Gytebestanden av laks er redusert frå 1000 -1500 kg (200-280 individ) i 2012-2016 til 200 kg (34 individ) i 2018. Gytebestand for sjøaure er redusert frå 394 individ i 2014 til 60 i 2018. Dette kjem fram i ein rapport frå NORCE.


Påverka av flaum

Laks og sjøaure har vorte påverka etter sikringstiltak etter flaum. I tillegg har ei rehabilitering av kraftverksdammen i 2018 og 2019 ført til tilførsel av finmassar i vassdraget.


Den samla påkjenninga av dette vert vurdert som stor.


Fisken må få gyta

Ved å forby fiske denne sesongen kan fisk som kjem tilbake til vassdraget få koma opp i elva og gyta.


- Føre-var-prinsippet ligg til grunne for vedtaket, skriv Fylkesmannen i vedtaket.


Les meir om: Nyhende Aurland