Stengjer vidaregåande skular

Vestland fylkeskommune stengjer alle vidaregåande skular.

DEL

Alle vidaregåande skular i Vestland vert stengde frå og med fredag 13. mars, opplyser Vestland fylke i ei pressemelding.

Dette gjeld i første omgang for to veker. Elevane vil få nettbasert undervisning i denne perioden. Målet er å halda oppe den faglege progresjonen til elevane.

Også fagskulane, Manger folkehøgskule og Hyssingen produksjonsskule vert stengde.

– Me stengjer skulane i samråd med helsestyresmaktene som ledd i arbeidet med å redusera vidare spreiing av koronaviruset, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.

– Virusspreiinga har auka dei siste dagane og fylkeskommunen ser difor dette tiltaket som eit nødvendig skritt, seier han.

Elevane vil framleis få undervisning, slik at den faglege progresjonen i størst mogleg grad vert halde oppe. Elevane vil få nærare informasjon via læringsplattformen It’s learning.

Alle tilsette møter på skulane som vanleg.

Artikkeltags