Gå til sidens hovedinnhold

Stengjer vegen i fleire timar for å rydda etter ras

Onsdag 7. april startar arbeidet med å sikra strekninga på fv. 5600 i Arnafjorden der det rasa i førre veke.

Vegen må difor stengast i periodar på dagtid, melder Vestland fylkeskommune.

Arbeidet går ut på å sikra berg og steinblokker med boltar. Arbeidet vil vara fram til 14. april.

Stengetider:

Kl. 08:30-10:30

Kl. 11:00-14:30

Kl. 14:40-16:00

Kl. 16:15-19:00

Vegen blir nattestengd frå kl. 21:00 – 06:00 i heile perioden.

Fredag 9. april vert arbeidet avslutta kl.15:00, og startar opp att måndag 12. april.

Det er fri ferdsel på dagtid laurdag og søndag.

Les også

Aldri sett så stor stein: – Eg var berre gild eg kom meg derifrå fortast mogleg

Kommentarer til denne saken