Statens vegvesen held beredskapsøving i E16 Borgundstunnelen 7. juni. Det påverkar også Seltatunnelen som ligg like ved, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.
Det vil bli kolonnekøyring gjennom tunnelane frå klokka 17.00–1800 og 20.00–2100 i begge retningar, og heilt stengde tunnelar frå 1800–2000. Det blir kolonnekjøring om fv. 630 i tidsrommet tunnelane er stengde.
Det vil bli brukt røyk under øvinga og det vil vera ein del utrykkingskøyretøy til stades. Det er naudetatar, 110-sentralen og VTS (Vegtrafikksentralen) som skal øva i tunnelen.
Øver på tryggleik
– Me har forståing for at stengde tunnelar kan vera krevjande for trafikantane, men det er naudsynt i ein kort periode slik at vi kan få øvd dersom ei hending skulle inntreffa. Det er eit krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for sikkerheitsgodkjenning av tunnelen at vi skal halda slike øvingar, seier sikkerheitskontrollør Svein Rune Vie i Statens vegvesen.
E16 Borgundstunnelen og Seltatunnelen er nyleg oppgraderte for å tilfredstilla tunneltryggleiksforskrifta. Dei ligg på E16, strekninga Lærdal–Borlaug.
Seltatunnelen ligg nokre få hundre meter frå Borgundstunnelen, og vert derfor også påverka av øvinga.