Stengjer Sygna vgs i to veker

154 elevar skal få nettbasert undervisning.

DEL

Sygna vgs i Balestrand stengjer i to veker for å redusera risikoen for koronasmitte.

– Det heng saman med at Vestland fylke no stengjer skulane. Me har informert elevane, og skal informera foreldra, seier rektor Frode Bøthun torsdag ettermiddag.

Undervisninga blir no nettbasert.

– Eg trur det skal gå bra. Det blir sjølvsagt ikkje det same som å ha elevar på skulen, men me er godt rusta til å driva denne typen undervisning. Me har også oppretta gode informasjonskanalar, seier Bøthun.

Artikkeltags