Gå til sidens hovedinnhold

Stengjer skule og barnehage i Hyllestad etter tre nye koronasmitta

Artikkelen er over 1 år gammel

Det er påvist tre Covid-19 tilfelle i Hyllestad kommune, melder kommunen på heimesida si. Dette har ført til at to familiar no er sette i isolasjon. For alle tre tilfella er smittesporing i gang.

– Førebels er smittekjeldene ukjent. I og med at me er eit lite samfunn ynskjer me å vera føre var, og stengja ned skule og barnehage til me har fått oversikt over situasjonen, skriv kommunen.

Ein polsk arbeidar på verftet Havyard har tidlegare fått stadfesta smitte. Med desse tre nye tilfella er det altså no fire personar i kommunen som har vorte smitta av koronaviruset.

Kommentarer til denne saken