Stengjer sjukehusa for besøkjande: – Me ber om forståing for at dette er naudsynt

STENGJER: Helse Førde stengjer no sjukehusa for besøkjande. Berre døyande, barn eller funksjonshemma kan ha følgje eller besøk. Fødande får ikkje ha med partner.

STENGJER: Helse Førde stengjer no sjukehusa for besøkjande. Berre døyande, barn eller funksjonshemma kan ha følgje eller besøk. Fødande får ikkje ha med partner. Foto:

Helse Førde set no i verk nye tiltak for å avgrense besøk på sjukehusa.

DEL

Mindreårige og funksjonshemma kan ha besøk av ein person per døgn.

Pasientar som ligg på det siste, kan ha besøk av maksimalt tre pårørande. Berre born og funksjonshemma kan ha med ein person som følgje til avtalt time.

– Me er klar over at dette er strenge og inngripande tiltak, men ser dette som eit heilt nødvendig tiltak for å hindra spreiing av smitte i sjukehusa våre. Helse Førde har dei siste dagane hatt ein stabil situasjon med tanke på spreiing av viruset. Det ønskjer vi skal halda fram så lenge som råd, seier administrerande direktør Arve Varden.

Snudde om fødsel

Berre born under 18 år og funksjonshemma kan ha følgje av ein person til avtalte timar, eller få besøk på sjukehuset. Pasientar som er i fare for å døy, kan ha besøk av ein pårørande eller kjenning per døgn. Følgje eller besøk skal alltid avklarast med aktuelle avdelingar på førehand.

Første melde Helse Førde at partnarar ikkje får vera med på fødslar eller rutineultralyd. Det har dei snudd om på. Partnar får vera med dersom dei er symptomfrie, men dette må avtalast på førehand. Dei får ikkje vera med på ultralyd eller liknande undersøkingar.

Pasientar som kjem til sjukehusa i drosje, vil bli tekne mot av helsetilsette ved hovudinngangane. Drosjesjåførar skal ikkje lenger følgja pasientar inn på sjukehusa. Same gjeld for privatpersonar som køyrer pasientar til time.

Utsette for smitte

Tilsette i helse- og omsorgstenesta er svært utsette for å bli smitta.

– For å ha nok personell til å handtera ein situasjon med fleire smitta, er det heilt avgjerande for oss å hindra spreiing av smitte i sjukehusa våre. Me ber om forståing for at dette er naudsynt, og er takksame overfor publikum og pasientar som er tolmodige, og viser forståing for situasjonen vi er oppe i, seier administrerande direktør Arve Varden.

Artikkeltags