Fleire vegar i Sogn opna att torsdag, men uvêret er ikkje over.
Desse vegane blir stengde:
- Fv. 5600 Vik-Arnafjorden klokka 19. Ny vurdering kl 09 fredag.
- Fv. 5606 Ulvastad-Menes kl 19. Ny vurdering kl 09 fredag.
- Fv. 5602 Feios-Fresvik stengde i 18-tida torsdag, ny vurdering fredag klokka 11.
- Fv. 5637 Skjolden-Urnes vart stengd før kl 19 torsdag grunna ras, ny vurdering klokka 11 fredag.
Vegtrafikksentralen veit ikkje noko om storleik på dette raset, og har ikkje fått melding om det oppstod noko fare eller skade som følgje av raset. Men det er ikkje trygt no i dette vêret og mørket å gå inn og rydda på staden.
- Torsdag ettermiddag vart også Skjerdalsvegen i Aurland stengd etter ras.
- Rv. 52 Hemsedalsfjellet er stengt.
- Fv. 50 Aurland-Hol er stengt.
- Fv. 53 Årdal-Tyin og rv. 13 Vikafjellet er også stengt.
Norled opplyste at ferjesambandet Mannheller-Fodnes kan bli innstilt på kort varsel.
SISTE:Klokka 19.49 melde Vegtrafikksentralen at sambandet er innstilt inntil vidare. Frå klokka 20.20 var sambandet tilbake i normal drift. Vêret er likevel så ruskete at Norled måtte innføra kriserute like før klokka 21. Frå midnatt skal det vera normal drift.

Les også
Ferjene kan bli innstilte på kort varsel: – Me får håpa det roar seg, det hadde vore greitt for oss
Les også