Stengjer fylkesvegar grunna rasfare

DEL

Fv. 5600 Arnafjorden i Vik blir stengd klokka 18 laurdag.

Årsaka er fare for ras.

Det blir ei ny vurdering klokka 10 søndag, opplyser Vegtrafikksentralen.

Fv. 53 Tyin-Årdal blir nattestengt grunna dei vanskelege vêrforholda, med ny vurdering søndag klokka 07.

Fv. 50 Aurland-Hol er også stengd grunna uvêret.

Laurdag kveld er det kolonnekøyring rv. 13 Vikafjellet.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken