Gå til sidens hovedinnhold

Stengjer fylkesvegar grunna rasfare

Artikkelen er over 1 år gammel

Fylkesveg 5616 mellom Fimreite-Eide blir stengt grunna fare for ras, melder Vegtrafikksentralen klokka 15.40 onsdag.

Det blir ny vurdering torsdag klokka 08.00.

Onsdag ettermiddag er desse fylkesvegane stengde:

Fv. 5600 Eitreneset - Holane, på strekninga Arnafjord - Vikøyri

Fv. 5602 Laberg - Lyngneset, på strekninga Vangsnes - Fresvik

Fv. 5616 Fimreite - Eide, på strekninga Fimreite - Valeberg

Fv. 5623 Gudvangen- Bakka

Fv. 5637 Galgen - Eidsneset, på strekninga Urnes - Skjolden

Fv. 5641 Dokki - Soget, på strekninga Hafslo - Veitastrond

Fv. 5586 Ikjefjordsbrua - Hest, på strekninga Oppedal - Hest

Seinare onsdag kveld vart også Fv. 5625 Volda, på strekninga Aurlandsvangen - Skjerdal, stengd.

Kommentarer til denne saken