Gå til sidens hovedinnhold

Stenger serveringsstad etter smitte

Dalalåven i Hodlekve held stengd ut påska etter at det laurdag vart kjend at ein tilsett har testa positivt for korona.

Om lag 20 personar er sett i karantene, og ordførar Arnstein Menes opplyser at det er teke 16 hurtigtestar som alle er negative.

Skitrekket vil framleis vera ope.
Smittevernlege Leiv Erik Husabø seier det ikkje er knytt smittefare til å opphalda seg utandørs i anlegget.

Han meiner det er for tidleg å seia om situasjonen er under kontroll. Sogndal kommune legg no til rette for at folk kan testa seg både søndag og måndag.

Kommentarer til denne saken