Gå til sidens hovedinnhold

Stenger fylkesveg grunna rasfare

FV5602 Feios -Fresvik blir torsdag kveld stengt.

Vegen stengjer klokka 18.30 grunna fare for ras, melder Vegtrafikksentralen.

Vegen blir stengt med bakgrunn i at det har falle ned to steinar på vestsida av vintertunnelen på strekninga. Entreprenør og geolog har vore på staden og konklusjonen er å nattestenga grunna fare for nye ras.

Strekninga er forventa opna att klokka 08.00 fredag morgon.

Kommentarer til denne saken