– Me har fått melding frå bilbergar om at han er på veg til staden. Når han kjem fram, blir vegen stengd 30 minutt under bilberginga, seier Christer Eide hjå Vegtrafikksentralen ved 13.00-tida.
Sogn Avis vart tipsa om hendinga, men kjenner ikkje til detaljar i kva som har skjedd. Det skal vera passasje på staden.
– Køyretøyet er ikkje lasta med noko spesielt, men det trengst tungbilbergar, seier Eide.
Etter det Sogn Avis har fått opplysningar om, skal uhellet ha skjedd mellom Årøy og Oklevik.