Her er ei fersk oversikt frå Statens vegvesen:

Riksveg 13: Storehaugtunnelen i Vik

Vegarbeid mellom klokka 07.00 og 19.00 måndag-torsdag. Stengt i periodar på inntil 30 minutt.

Riksveg 13: Hella-Leikanger

Vegarbeid mellom klokka 07.00 og 18.00 måndag, tysdag og onsdag. Torsdag mellom 07.00 og 15.00. Vegen kan bli stengd i inntil 15 minutt.

Riksveg 13: Bondeviki-Fardal i Sogndal

Vegarbeid frå måndag til onsdag klokka 07.00-19.00, og torsdag 07.00-16.00. Stengd inntil 15 minutt ved sprenging. Lysregulering heile døgnet.

Fylkesveg 55: Kvam i Sogndal

Vegarbeid måndag, tysdag og torsdag klokka 07.00 til 17.00. Onsdag mellom 07.00 og 23.59 og fredag mellom klokka 07.00 og 15.00. Lysregulering og det kan bli stengt inntil 15 minutt ved sprenging.

Riksveg 5: Fjærlandstunnelen

Vegarbeid i eitt køyrefelt, mellom klokka 06.00 og 20.00 måndag- torsdag. Manuell dirigering med ledebil. Ventetid på inntil 30 minutt.

Riksveg 5, Sogndal: Kryss mellom riksveg 5 og Dalavegen

Vegarbeid mellom 07.00 og 21.00 måndag-fredag.

Riksveg 5, Sogndal: Amlatunnelen

Vegarbeid mellom klokka 08.00 og 1800 måndag-torsdag. Manuell dirigering. Kolonnekøyring med ledebil. Avgangstid for kolonne er åtte minutt før vanleg ferjeavgang.

E16: Lærdal

Seltatunnelen- Borgundstunnelen

Vegarbeid, vegen er stengd mellom 20.00 og 06.00 mandag, tirsdag, onsdag, torsdag, fredag og laurdag. Dirigering via fylkesveg 630. MOT VEST: 20.15, 21.00, 21.40, 22.20, 23.00, 23.40, 00.20, 01.00, 01.40, 02.20, 03.00, 03.40, 04.20, 05.00. MOT AUST: 20.40, 21.20, 22.00, 22.40: 23.20, 00.00, 00.40, 01.20, 02.00, 02.40, 03.20, 04.00, 04.40, 05.20.

Fylkesveg 630 i Lærdal: Seltun (kryss) i - 630 Borgund (kryss) i Lærdal.

Vegarbeid. Vegen er stengd for køyretøy som er over 4,4 meter høge, og bredde over tre meter.

Fylkesveg 5600: Valsviki i Vik

Vegarbeid mellom 08.00 og 19.00 måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag. Open for passering klokka 10.00, 12.00, 14.30-15.00 og 17.00. Fredag maks ventetid 30 minutt. Utrykningskøyretøy kan passera.

Stengde vegar

Onsdag morgon er tre fylkesvegar stengde på grunn av rasfare.

Dette gjeld Bakkavegen og Skjerdalsvegen i Aurland og vegen mellom Arnafjord og Vikøyri. Det blir vurdert opning utover føremiddagen.