Gå til sidens hovedinnhold

Stengde Lærdalstunnelen for å fjerna stokkar

Måndag ettermiddag vart E16 Lærdalstunnelen stengd.

Vegtrafikksentralen opplyste klokka 15.07 at årsaka var stokkar som låg i vegbana. Nokre minutt seinare var tunnelen open att.

– Entreprenør har vore på staden og fjerna stokkane. Me veit ikkje kva som er årsaka til at dei hamna i vegbana, men ein kan nok mistenka at dei har falle av ein tilhengar eller lastebil, seier Tom Erik Englaugstad ved Vegtrafikksentralen, klokka 15.13.

Kommentarer til denne saken