Gå til sidens hovedinnhold

Stengde fylkesveg etter varsel om skred

Fv. 5641 ved Utladøla mellom Hafslo og Veitastrond vart torsdag ettermiddag stengd ei kort stund.

Vegtrafikksentralen meldte klokka 16.13 at dei hadde fått ein deteksjon på at det hadde gått eit snøskred.

Entreprenør rykte ut til staden. Vegtrafikksentralen har sensorar og kamera som fangar opp moglege skred og varslar automatisk.

– Det ser ikkje ut til å ha nådd ned til vegen, og me ventar på tilbakemelding på entreprenøren, seier Tom Erik Englaugstad på vegtrafikksentralen.

Klokka 16.34 blir det meldt at vegen er opna for trafikk igjen.

Kommentarer til denne saken