STENGD: Fv 53 over Tyin er stengd heile veka grunna arbeid med det nye tunnelprosjektet i Jåteli. (Arkivfoto)

Stengd heile veka

Farande må køyra om Lærdal til og med fredag grunna vegarbeid.

Publisert 11.06.2019 kl. 08.07.

Frå og med klokka 07.00 i dag tidleg er vegen opp mot Holsbru, og dermed også over Tyin, stengd grunna vegarbeid, opplyser både Statens vegvesen og Årdal kommune.

Årsaka er at det vert gjort førebuande arbeid i samband med oppstarten på den nye tunnelen i Jåteli, noko som fører til at vegen vert stengd.
- Det er ikkje mogleg å passera på strekninga verken for rutegåande trafikk eller utrykkingskøyretøy, er meldinga.

Bakgrunnen er at det vert utført noko sprengingsarbeid og dessutan arbeid på murane langs vegen. Prosjekteiar Jens Ivar Nilssen har tidlegare fortalt Sogn Avis at denne prosessen har ført til at ein av murane vil komma i ein slik stand at vegen ikkje vil vera farbar akkurat på den strekka.

Omkøyring er skilta via Lærdal og E16. Vegen skal etter planen opnast for fri ferdsle fredag kveld.