På fylkesveg 55 ved Naustknubben i Luster har det gått eit steinras. Vegen er difor stengd.

Det melder Vegtrafikksentralen på Twitter klokka 06:08. Dei fekk melding om raset via politiet som hadde fått ei publikumsmelding.

– Då var det melding om at det var gått eit steinras og at vegen er heilt blokkert. Politiet er på veg ut og entreprenør er på veg ut. Me veit ikkje meir før me har mannskap framme, seier trafikkoperatør Ronny Sleire.

Vest politidistrikt melder at ei elv har gått over breiddene sine og laga nye vegar ned mot fylkesvegen og fjorden. Ifølgje politiet skal ingen bustadar, personar eller dyr vera tekne av vassmengdene.

Det er førebels uvisst kor mykje av fylkesvegen som er råka.

Entreprenør er i gang med opprydding og vegen vil vera stengd i nokre timar.

Vegen opna klokka 17 måndag, men det er manuell dirigering på staden.