Oppdatering: Steinen er no fjerna og vegen open for trafikk. Men grunna arbeid på den skadde vegen ved rasstaden kan det bli redusert framkomst, melder Vegtrafikksentralen på Twitter klokka 07:09.

Klokka 05:05 skriv Vegtrafikksentralen Vest på Twitter at fylkesveg 50 Aurland- Hol er stengt grunna steinras.

– Det er ein større stein som har kome ned, seier Tom Erik Englaugstad ved Vegtrafikksentralen.

Steinen ligg i vegbana eit par kilometer aust for Geiteryggtunnelen.

– Det er folk på staden no. Den må truleg piggast og knusast bit for bit. Det er uvisst når vegen opnar.