Gå til sidens hovedinnhold

Steinras stengde fylkesveg

Artikkelen er over 1 år gammel

Fylkesveg 5637 mellom Urnes og Skjolden vart stengd tysdag føremiddag.

Årsaka til stenginga var steinras, opplyste Vegtrafikksentralen klokka 10.14.

– Det har gått eit ras som er cirka 40 meter breitt. Ein stein er på 400-500 kilo, og det er mykje småstein, seier Tore Tysse ved Vegtrafikksentralen.

Vegen vart stengd inntil vidare, i påvente av geolog.

– Me må ha geolog til staden for å kontrollera, og sjå om det kan koma ned meir.

Klokka 12.16 melde Vegtrafikksentralen at raset var rydda og det er fri ferdsel.

Kommentarer til denne saken