Eit større steinras har gått over vegen på Vikafjellet rett før svingane mot Vik. Ifølgje 175.no er vegen stengd ved Tverrelvi.
Det melder Vest politidistrikt klokka 13.35 måndag.
Det er ikkje meldt om at nokon skal vera tekne av raset. Vegen er stengd på staden.