Steinras mellom Årdalstangen og Fodnes

DEL

Vest politidistrikt meldte at det er gått eit steinras på Fv53 mellom Årdalstangen og Fodnes.

Meldinga kom inn onsdag klokka 05.04.

Ingen personar eller bilar er tekne av raset.

– No er det rydda. Raset var ikkje veldig stort, og det gjekk fort å rydda. No er det opent og berre til å køyra, seier Kristian Fauskan, trafikkoperatør i Vegvesenet.

Raset har hendt i Bogaviki, midt i mellom Finnsåstunnelen og Kolnostunnelen.

Artikkeltags