– Me har berre ei melding frå Sogn. Det er ei trafikkmelding om stein i vegen mellom Sogndal og Leikanger, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

Elles har det, ifølgje hennar logg, vore heilt stille i Sogn. Av hendingar i gamle Sogn og Fjordane kan ho berre melda om to hjortepåkøyrslar, i Sunnfjord og ved ferjekaien i Lavik. I sistnemnde tilfelle blei viltkontakt tilkalla og hjorten avliva. Operasjonsleiar har også melding om forstyrring av natteroa i Askvoll.

Nyhenda om gjenopning av landet, har dermed ikkje ført til at folk har gått av skaftet i Sogn og Fjordane.

– Det har ikkje vore overdrive mykje i Bergen heller. Me har nokre forhold knytt til berusa personar og kroppskrenking i Bergen sentrum, elles har det vore ei overkomeleg natt. Det blir gjerne verre i morgon, seier Knappen.