– Ulukka har skjedd eit stykke før munninga av Stedjebergtunnelen, på Leikangersida, seier Tom Johannessen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Klokka 08.08 onsdag melder Vegtrafikksentralen om at Stedjebergtunnelen er stengt grunna eit trafikkuhell. Det er lange køar i begge retningar.

Vest politidistrikt melder klokka 09.12 at tunnelen er opna for trafikk att og at det er tilnærma fri ferdsel på staden.

Vest politidistrikt melder at ein buss og ein personbil er involvert.

– Nøyaktig kva som har skjedd, har me ikkje full informasjon om. Naudetatane er nett komen fram, seier operasjonsleiar Tom Johannessen i Vest politidistrikt klokka 08. 15.

Han seier det etter sigande ikkje skal vera personskade. Det skal ha vore to personar i personbilen og uvisst kor mange personar i bussen.

Tom buss

Per Steinar Sviggum i Tide Buss seier til Sogn Avis at det ikkje var passasjerar i bussen.

– Den hadde vore i Sogndal og levert skuleelevar og var no på veg attende til Leikanger for å henta nye.

Sviggum opplyser at han har snakka med sjåføren og at det går bra med han.

– Me føl prosedyrar med korleis me følgjer opp, seier Sviggum som ikkje kan seia noko meir om kva som har skjedd.

– Kva med skuletransporten? Vert det sett inn ny buss som for å henta elevar som ventar?

– Me gjer det me kan for å henta dei som ventar. Dette heng også saman med kor lenge vegen er stengd.