Stedje kyrkje sender gudstenesta 1. påskedag digitalt

PÅSKEGUDSTENESTE: I samarbeid med Kent Fimreite sender Stedje kyrkje gudstenesta 1. påskedag på nett.

PÅSKEGUDSTENESTE: I samarbeid med Kent Fimreite sender Stedje kyrkje gudstenesta 1. påskedag på nett. Foto:

Kyrkje-påska er ikkje avlyst, den blir sendt på nett.

DEL

– I år vert det ei annleis påske. Me kan ikkje samlast til gudsteneste slik me brukar, på dette som er kyrkjas viktigaste høgtid, seier Mikael Peder Vevang Bruun, sokneprest.

Påskegudsteneste

Kyrkja i Sogndal har likevel eit ønskje om å kunne gje eit tilbod om gudsteneste på 1. påskedag.

– Det har me no fått til. I samarbeid med Kent Fimreite vert det direkteoverført påskegudsteneste frå Stedje kyrkje. Gudstenesta byrjar klokka 11.00 og kan naturlegvis også sjåast i etterkant, seier Vevang Bruun.

– Bli med

Soknepresten leiar gudstenesta saman med Soknediakon Gitte Therkelsen Torstad, medan organist Arild Slinde spelar orgel. Kyrkjetenar Bente Leirdal Sleen bidreg også i gudstenesta.

– Då ønskjer me dykk alle hjarteleg velkomne til å vera med i gudstenesta frå stover og sofaer i heile Sogn. Sit gjerne klar med ei salmebok og ver med i songen. God påske frå alle oss i kyrkja i Sogndal.

Artikkeltags