Staten tilbyr 3,3 milliardar i jordbruksoppgjeret. Kravet frå bøndene er på 6,9 milliardar.
Staten la fredag fram tilbodet sitt til jordbruket i jordbruksforhandlingane.
– Staten legg med dette fram eit svært godt tilbod, som viser ei sterk prioritering av norsk jordbruk frå regjeringa. Dette gir moglegheiter for ein stor inntektsvekst og er nødvendig for å bidra til tryggleik for norsk matproduksjon og auka sjølvforsyning, seier forhandlingsleiaren i staten Viil Søyland.
Tilbodet vil gi jordbruket moglegheit for ein inntektsvekst på 19 prosent, eller om lag 91.000 kroner per årsverk, frå 2023 før oppgjeret til 2024.
Tilbodet legg til rette for at avstanden i inntekt mellom jordbruket og andre grupper blir reduserte med 40.000 kroner per årsverk.
Tilbodet blir finansiert med løyvingar over statsbudsjettet på 2,3 milliardar kroner, og målprisaukar på 732 millionar kroner.