Gå til sidens hovedinnhold

Startar styrt trafikkavvikling gjennom ny tunnel

Artikkelen er over 1 år gammel

Frå måndag morgon blir det styrt trafikkavvikling gjennom Goteviktunnelen.

– Det er på grunn av vêret me gjer dette. Frå måndag blir det trafikk gjennom tunnelen, med ledebil, seier Stein Dyngen, prosjektleiar for Goteviktunnelen.

Vegvesenet startar opp med ledebil frå klokka 05.00 måndag 23. november.

Tunnelen mellom Vik og Vangsnes er ikkje heilt klar for full godkjenning, men Dyngen seier dette er ein spesiell situasjon.

Tunnelen sikrar mot den rasfarlege strekninga i Galden, og i det siste har det vore krevjande forhold med dårleg vêr og dermed mykje rasfare.

No blir det styrt trafikkavvikling gjennom tunnelen på ubestemt tid.

Kommentarer til denne saken