Gå til sidens hovedinnhold

Startar snart vaksinering av tilsette i Helse Førde

Helse Førde har i første omgang fått eit avgrensa tal vaksinedosar.

Desse vaksinedosane skal setjast på ei prioritert liste av medarbeidarar frå alle tre sjukehusa i helseføretaket. Første dosen koronavaksine blir sett måndag morgon, opplyser Helse Førde i ei pressemelding.

– Me er glade for å kunne gå i gang med dette arbeidet, for det er viktig å verna dei som arbeider i sentrale og pasientnære funksjonar. I denne første runden vil ingen av profesjonsgruppene bli fullvaksinerte, seier fagdirektør Evy-Helen Helleseth.

Ville hatt fleire

– Det ligg mykje arbeid bak å velja ut dei gruppene me meiner er viktigast å vaksinera no først, men me har fått klar ei prioritert liste over kven som vil få vaksinen. Det er på langt nær så mange som me kunne ønska oss.

I første omgang har Helse Førde fått tildelt rundt 340 dosar. Dette er altså ikkje tilstrekkeleg til å vaksinera alle medarbeidarar som bør ta vaksinen, men det er gjort ei prioritering ut frå tilgjengeleg vaksine.

Smitte kan lamma funksjonar

Helse Førde er eit lite helseføretak med mange små og sårbare fagmiljø. Helleseth understrekar at vaksinering av helsepersonell som arbeider i sjukehus er eit svært viktig tiltak. Ho minner om at berre eitt enkelt smittetilfelle blant tilsette kan utløysa karanteneplikt for mange kollegaer, og dermed lamma heilt sentrale funksjonar på sjukehuset.

– Dette arbeider me hardt for å unngå, og vaksinering er ei svært viktig hjelp i dette arbeidet, seier Helleseth.

Kommentarer til denne saken