Startar rydding etter ras – må rekna med ventetid

RYDDING: Fv. 5602 vart skada av raset som gjekk over vegen i nyttårshelga. No har oppryddinga starta.

RYDDING: Fv. 5602 vart skada av raset som gjekk over vegen i nyttårshelga. No har oppryddinga starta. Foto:

Oppryddingsarbeidet etter raset på fv. 5602 mellom Feios og Fresvik i nyttårshelga har starta. Det vil bli noko ventetid på strekninga dei neste vekene.

DEL

Arbeidet skjer ved Djupvik, og arbeidstida er 0700 – 1900, frå måndag til fredag. Det kan bli ventetid på inntil 30 minutt, melder Vestland fylkeskommune.

Oppryddinga skal vera ferdig innan utgangen av juni. I løpet av arbeidsperioden vil det bli behov for nattestenging, og nokre lengre stengingar på dagtid. Desse stengingane vil bli varsla.

Utrykkingskøyretøy og rutegåande vert sleppt gjennom.

Det er Presis Vegdrift som utfører arbeidet på vegner av Vestland fylkeskommune.

Artikkeltags