Startar opp att drift på vegprosjekt

– Fylkesvegprosjekta i Vestland startar no opp att, seier Dina Lefdal, fylkesdirektør for infrastruktur og veg i Vestland. Her flankert av Håkon Rasmussen, direktør for mobilitet og kollektivtransport og fylkesordførar Jon Askeland.

– Fylkesvegprosjekta i Vestland startar no opp att, seier Dina Lefdal, fylkesdirektør for infrastruktur og veg i Vestland. Her flankert av Håkon Rasmussen, direktør for mobilitet og kollektivtransport og fylkesordførar Jon Askeland. Foto:

Drift på vegprosjekta i Vestland er no starta opp att.

DEL

Karantenereglane i tidlegare Sogn og Fjordane skapte problem for aktiviteten på fylkesvegprosjekta i fylket, og prosjekt stoppa opp. No er karantenereglane oppheva, og dette gjer at dei fleste fylkesvegprosjekta kjem til å gå nokolunde som normalt.

– Me er sjølvsagt glade for dette, og ikkje minst på vegner av entreprenørane som har ei vanskeleg tid i situasjonen med koronaviruset. Me har framleis heimekontor i Vestland fylkeskommune, og på dei einskilde prosjekta følgjer vi alle råd frå FHI for å hindra meir smitte, seier Dina Lefdal avdelingsdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

Dei fleste vegprosjekta er i gang, men nokre går med redusert kapasitet.

– Dette vil nok gå utover framdrifta på dei prosjekta det gjeld, seier Lefdal.

Artikkeltags