Startar første nettbaserte bachelorutdanning ved HVL

NETTBASERT TILBOD: Professor Oddmund Løkensgard Hoel håpar på god rekruttering til den første nettbaserte bachelorutdanninga på HVL.

NETTBASERT TILBOD: Professor Oddmund Løkensgard Hoel håpar på god rekruttering til den første nettbaserte bachelorutdanninga på HVL. Foto:

Til hausten startar HVL opp sitt første nettbaserte bachelorstudium.

DEL

Det er fagmiljøet i historie i Sogndal som står bak initiativet. Professor Oddmund Løkensgard Hoel håpar på god rekruttering.

– Me ønskjer å gjera utdanninga tilgjengeleg for fleire. I dag ser me at det er ein del studentar som er interesserte i å ta slike studiar, men at til dømes familiesituasjonen kan hindra dei i dette. No legg me til rette for at den som vil kan ta denne utdanninga, uavhengig av kvar ein bur eller livsfase ein er i. Me ser også at andre institusjonar har hatt gode søkjartal til sine nettstudium, seier professor Oddmund Løkensgard Hoel, i ei pressemelding.

Legg til rette

Den nye nettbaserte utdanninga kjem som eit tillegg til dagens campusbaserte bachelor i historie i Sogndal. Den nye utdanninga legg også til rette for at personar som har starta på ei utdanning i historie, kan fullføra den gjennom nettutdanninga.

Det nye studiet er eit 100 prosents nettstudium, og vil ikkje tilby samlingsbaserte samlingar på campus. Førelesingane vil bli tilbode gjennom varierte undervisningsformer som live-undervisning, videoførelesingar i opptak og podkast. Opplegget følgjer same fagleg opplegg som campusstudiet i historie og legg til rette for at ein ved behov kan følgja undervisninga ved campus, opplyser HVL i pressemeldinga.

Fleksibilitet

– Me ønskjer at dei to studiane kan dra vekslar på kvarandre. For eksempel kan det vera positivt for nettstudentane å ha campus-studentar å spela på ved oppgåver som skal løysast gjennom gruppearbeid, seier Løkensgard Hoel.

Han meiner studiet passar for alle som er interessert i historie, for eksempel ungdom som skal få seg ei grunnutdanning.

– Med eit nettstudium blir det også enklare for vaksne å studera, for eksempel dersom ein ikkje har fullført eit studium. Dersom ein har 60 studiepoeng frå før i andre fag, er det mogleg å ta dei neste to åra hos oss. Me er fleksible, seier Løkensgard Hoel.

Det nye studiet er praktisk retta mot arbeidslivet og tilbyr alle studentar ein praksisperiode på sju veker siste året.

Nøgd prorektor

– Eg synest det er spennande. Det er gjort eit veldig bra arbeid i fagmiljøet for å få dette på plass. Dette er eit utviklingsprosjekt ved HVL som me skal følgja og læra av, seier prorektor for utdanning, Bjørg Kristin Selvik.

Ikkje alle utdanningar passar til eit slikt opplegg.

– Dette er eit studium der det er mogleg å tilby ei heil utdanning nettbasert, i andre av våre utdanningar er ikkje det same mogleg. Me ønskjer å gjera utdanningar meir tilgjengelege for personar i ulike livsfasar, og dette er ein måte å gjera det på, seier Selvik.

Artikkeltags