Startar forenkla jordbruksforhandlingar

Jordbrukets forhandlingsutval varsla i dag om at dei vil starta forenkla jordbruksforhandlingar med staten om ein avtale for 2021.

DEL

Med grunnlag i den kontakten som har vore mellom partane, går jordbruket til forhandlingar. Sidan det ikkje ligg føre eit ordinært grunnlagsmateriale med kostnads- og inntektsutvikling, vil forhandlingane bli forenkla, skriv Norges Bondelag i ei pressemelding.

– Me går i forhandlingar no fordi bøndene treng avklarte rammer for matproduksjonen, seier jordbrukets forhandlingsleiar Lars Petter Bartnes.

– Det er meir enn nokon gong viktig å sikra matproduksjonen framover. Sikker matforsyning krev eit landbruk over heile landet, og at jorda brukast til det den er best eigna til, seier Bartnes.

Gjeldande jordbruksavtale varer fram til 1. juli 2020, og det må difor fastsetjast nye målprisar. Det er viktig for å gje bonden føreseielegheit for framtidig produksjon.

På grunn av ein uoversiktleg situasjon og behovet for avklaringar, blir ikkje den normale tidsløypa for jordbruksforhandlingar følgt. Partane har sett ein frist for forenkla forhandlingar til 30. april.

Artikkeltags