I ei pressemelding frå mållaget viser dei til opplæringslovutvalet som la fram sin NOU med framlegg til ny opplæringslov sist veke.

 

Digital røyndom

- Lova tek ikkje nye grep for å sikra nynorskelevane digitale læremiddel på nynorsk.Utvalet gjer ingenting for å sikra verken norsk eller nynorsk særskilt i den nye digitale røyndomen til norske elevar. Opplæringslovutvalet gjev dei store multinasjonale selskapa makt over norsk språkutvikling, det står til stryk, seier Aasbrenn i pressemeldinga.

Hindra Apple

- No har me sjansen til å laga ei ny opplæringslov som kan hindra at utanlandske teknologi-gigantar som Google og Apple får styre språkpolitikken i skulen, men det har ikkje utvalet våga å krevja, slår Magne Aasbrenn fast.I dag hentar skulane lærestoff frå mange ulike typar digitale og skriftlege læremiddel og læringsressursar, og nettopp denne skulekvardagen burde lova møta, meiner mållaget.

Chromebook

Han viser til at særskilt utsette er elevar som blir utstyrte med digitale hjelpemiddel utan nynorsk.- Svært mange skular har til dømes innført Google Chromebook. Der er det ikkje nynorsk ordliste til skriveprogram, og alt no ser lærarane at resultata blir dårlegare, fortel Aasbrenn.Han meiner utvalet heller ikkje har vore villig til å sikra at elevar får gå i eigen nynorskklasse ut ungdomsskulen.- Denne saka har Jan Tore Sanner og regjeringa late liggja sidan hausten 2016, då eit fleirtal på Stortinget bad om ei utgreiing, og i samband med statsbudsjettet 2020 vart det nok ein gong trenert under tilvising til denne NOU-en. No forventar me at statsråden tek grep, seier Aasbrenn.

Stikk i strid

Opplæringsutvalet legg fram fleire store endringar av opplæringspolitikken som vil påvirka språksituasjonen, heilt utan å greia ut eller grunngje språklege konsekvensar desse endringane vil få.- Dette er er stikk i strid med framlegget til ny språklov som regjeringa kom med i august, seier Aasbrenn i pressemeldinga.Førsteamanuensis Jon Christian Fløysvik Nordrum ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo har leia opplæringslovutvalet. Utvalet vart sett ned av regjeringa i 2017 og har hatt til oppgåve å sjå på opplæringslova for grunnskulen og for vidaregåande utdanning. Innstillinga er overlevert til kunnskapsminister Jan Tore Sanner.