Gå til sidens hovedinnhold

Stadfesta: Sogndal møter Brann på laurdag. Kampen ser du eksklusivt hjå Sogn Avis

Det ser lysare og lysare ut både på tanke på treningskampar og seriestart for Sogndal.

Kulturminister Abid Raja opplyser til VG at toppidretten får koma i gong att også i områda med strengast smitteverntiltak.

Unntaket gjeld i dei såkalla 5A-områda, som til dømes alle idrettsutøvarar i Viken har blitt råka av.

Det gjer at Sogndal sine divisjonskollegaer i OBOS-ligaen, Fredrikstad, Ullensaker/Kisa og Strømmen, igjen kan trena som normalt, etter å ha vore stengt ned sidan før påske.

Dette betyr igjen at den planlagde seriestarten på nest øvste nivå 15. mai ser ut til å gå som planlagd. Med grønt lys der vil det sleppast ut ei revidert terminliste for Sogndal sine 30 kampar komande sesong.

Les også

Like før Johan (17) skulle på skulen fekk han beskjeden han har drøymt om: No går han i fotspora til pappa og bestefar

Byter Aalesund med Brann

Før seriestart må det spelast treningskampar, og no har regjeringa stadfesta at det er lov med treningskampar frå 16. april.

Sogndal skulle originalt spela borte mot Aalesund komande laurdag, men Sogn Avis får no stadfesta at klubben i staden har fått ein real godbit i fanget: Brann på Fosshaugane Campus same dag klokka 15.00.

Det er usikkert om det blir lov med publikum på kampen – og eventuelt kor mange, så den einaste staden du garantert kan sjå møtet mellom dei to laga er eksklusivt her på Sogn Avis sine nettsider.

Kommentarer til denne saken