Uro i marknaden og høge straumprisar set framleis ikkje sitt preg på arbeidsløysetala i Vestland, skriv NAV Vestland i ei pressemelding.

Sjølv om NAV Vestland ventar at arbeidsløysetala vil stiga att, er det framleis få teikn på at det skjer med det fyrste.

Liten nedgang i utlyste stillingar

Bjarte Hysing-Olsen, fungerande direktør i NAV Vestland, seier den venta auken uansett vil skje gradvis.

– Den sesongmessige arbeidsløysa pleier å auka litt i desember og januar, og me ventar at utviklinga framover vil følgja normale sesongvariasjonar, seier Hysing-Olsen.

– Me ser at det allereie er ein liten nedgang i utlyste stillingar, og ein liten auke i varslar om permitteringar, men dette har ikkje gitt dei store utslaga i arbeidsløysetala.

Talet på ledige stillingar gjekk ned med om lag 1.000 samanlikna med oktober i fjor, men nær 4.000 utlyste stillingar er framleis eit høgt tal.

Flest ledige stillingar innan helse

Det er flest ledige stillingar i helse, pleie og omsorg (857), ingeniør- og IKT-fag (407) og bygg og anlegg (394).

I Vestland er det høgast arbeidsløyse i Hyllestad (3,9 prosent) og Ulvik (3,2 prosent). 19 av dei 43 kommunane i fylket har 1 prosent arbeidsløyse eller mindre.

Arbeidsløysa i heile Noreg ligg totalt på 1,6 prosent.