Sjølv om norske hushald fekk litt meir pengar i andre kvartal i år enn i første, har realinntekta falle, viser nye tal frå SSB.

Det kjem av auka prisar, særleg auken i energiprisar, skriv Statistisk sentralbyrå.

Den disponible inntekta, altså kor mykje pengar hushalda har tilgang til, auka med 1,1 prosent samanlikna med første kvartal. Den disponible realinntekta, altså kor mykje hushalda faktisk har råd til, fall med 1,3 prosent.

Biletet er det same for heile landet. Noregs disponible inntekt har auka kraftig sidan i fjor sommar på grunn av høgare prisar for olje og gass, og ein auke med 2,5 prosent frå 1. til 2. kvartal. Den disponible realinntekta fall derimot 2,5 prosent på grunn av prisveksten.

– Trass i nedgangen ligg den disponible realinntekta for Noreg framleis 27,6 prosent høgare enn same kvartal i fjor, skriv SSB.