TIL INNTEKT FOR BARNEKREFTFORENINGEN: Solveig Elisabeth Vik og Sofie Meilegård Arnesen arrangerer løp i Sogndal. (Privat foto)

Spring til inntekt for Barnekreftforeningen

Studentar tek initiativ til løp for å samla inn pengar.

Publisert 05.09.2019 kl. 16.24. Oppdatert kl. 16.28.

- Me ynskjer å arrangera noko givande i denne flotte bygda og håpar å sjå mange engasjerte vaksne og barn på Kvåle stadion komande søndag. 


Det seier studentane Solveig Elisabeth Vik og Sofie Meilegård Arnesen. 


Over heile landet

Dei arrangerer «Løp for meg» i Sogndal på Kvåle stadion søndag og håpar å sjå mange engasjerte vaksne og barn i aksjon. 


- Saman spring me, samtidig i heile Noreg, for ei svært god sak. Det er ikkje noko aldersgrense for deltaking, alle er velkommen. Alle barn under 16 år som deltek, får t-skjorte og medalje, fortel studentane. 


Lokale sponsorar har stilt opp og det blir sal av kaffi, vafler og saft under arrangementet. 


- Alle inntekter går uavkorta til Barnekreftforeninga sitt gode arbeid. I fjor blei det samla inn heile 573.000 kroner gjennom lokale arrangement. 


 


Forsking og støtte til familiar

Dei to studentane ynskjer i sitt siste år på bachelorstudiet Sosialt arbeid å arrangera dette løpet. September er den internasjonale barnekreftmånaden og i den samanheng blir «Løp for meg» arrangert for andre gong i Noreg. 


Barnekreft er den vanlegaste dødsårsaka hjå barn i alderen 1-14 år i Noreg. Barnekreftforeningens støttar forskinga på barnekreft, tilbod og støtte for familiar der barn og unge er ramma av kreft, informasjons- og påverknadsarbeid om barnekreft. 


- Løpet har ikkje påmeldingsfrist, her er det berre å møta opp, oppmodar Vik og Arnesen. 


 


Les meir om: Nyhende Sogndal Ung