Det skriv Språkrådet i ei pressemelding, der dei uttrykkjer uro for at den nye læreplanen representerer eit brot på norsk språkpolitikk.

To jamstelte skriftspråk

- Noreg har ein god og demokratisk språkpolitikk som særskilt tek vare på det språklege mindretalet, seier språkdirektør Åse Wetås, og syner til at den språkpolitikken Stortinget har vedteke slær fast at bokmål og nynorsk er likestilte skriftspråk.Språkrådet meiner det bør innebera ei satsing på nynorsk både som hovudmål og sidemål i skulen.- Læreplanen inneheld få tiltak som styrkjer nynorskopplæringa, og han tek ikkje omsyn til dei særlege utfordringane for nynorskelevane i skulen, seier Wetås, og held fram:- Det er positivt at den fyrste skriveopplæringa skal gå føre seg på eleven sitt hovudmål, men det åleine aukar ikkje tilgangen til nynorsk for nynorskbrukarane.

- Nynorskelevane treng meir nynorsk

Det har kome inn eit nytt kompetansemål som inneber at elevane skal ha utforskande skriving på sidemål etter fjerde klasse.- Dette er bra for dei som har bokmål som hovudmål, sidan tidleg start med sidemålet er eit tiltak som kan vera bra for nynorsken på sikt, seier Wetås, men legg til:- For nynorskelevane er ikkje tidleg start med bokmålet noko godt tiltak. Nynorskelevane badar dagleg i bokmål.Direktøren i Norsk Språkråd syner til ei undersøking frå 2018 som syner at nynorskelevane er betre i bokmål enn i nynorsk.- Nynorskelevane treng fyrst og fremst å møta meir nynorsk for å verta trygge på skriftspråket sitt, seier Wetås.

- Nynorsken vil bli nedprioritert

Etter den nye læreplanen skal ikkje elevane lenger få karakter i sidemål i halvårsvurderingane i 8. og 9. klasse og på VG1 og VG2.- Dersom ein fjernar karakteren, må nynorsken på anna vis koma styrkt ut i læreplanen, og vurderingsgrunnlaget må vera tydeleg og spesifisert på alle klassetrinna, seier Wetås, og held fram:- Slik læreplanen ser ut no kan vurderingsgrunnlaget for sidemål etter 8. og 9. klasse i verste fall vera ein liten reklametekst.I sluttvurderinga skal det framleis vera eigen sidemålskarakter, men elevane skal ikkje lenger vurderast like strengt som i hovudmålet.Språkrådet ottast at nynorsken, som for dei fleste er sidemål, vil verta prioritert lægre av både elevar og lærarar.