Nathalie fekk pris under sesongstarten

GOD LAGSPELAR: Nathalie Holen Årevik (i midten) fekk pris for å vera inkluderande og skapa godt miljø. Her saman med Ingrid Landmark Tandrevold og Johannes Thingnes Bø. (Foto: Norges skiskytterforbund)

GOD LAGSPELAR: Nathalie Holen Årevik (i midten) fekk pris for å vera inkluderande og skapa godt miljø. Her saman med Ingrid Landmark Tandrevold og Johannes Thingnes Bø. (Foto: Norges skiskytterforbund)

Av

Nathalie Holen Årevik frå Vik er ein av 14 unge skiskyttarar som mottok pris frå Norges Skiskytterforbund, Mot og YX Norge under skiskyttarane sin sesongstart på Sjusjøen.

DEL

- Idrettsglede handlar om meir enn sjølve iretten og desse ungdommane er bevis på dette. Me er stolte av at me har gode rollemodellar som Nathalie i vårt miljø som bidreg til å spre gode verdiar, bry seg om lagkameratar og skapa godt miljø i klubben. Det er svært givande å jobba md YX og Mot om eit så godt prosjekt, seier generalsekretær i Norges Skiskytterforbund, Anne Varden i samband med utdelinga.

Inkluderer andre

Laurdag var skiskyttarane samla til utdeling. Prisen vart delt ut til 14 ungdommar i alderen 15-16 år, som vart nominerte frå sine klubbar eller krinsar fordi dei er gode rollemodellar og bidreg positivt til lagmiljøet. Det som går att i nominasjonstekstane er at ungdommane er gode på å inkludera andre, laga god stemning, stilla opp, vera positive bidragsytarar- sjølv om dei ikkje alltid har dei beste resultata, så gir dei ikkje opp.

- Ser alle

I Nathali sin nominasjonstekst står det mello anna: «Nathalie er treningsvillig, hjelpsom og ser alle. Ho framsnakkar dei andre utøvarane og skaper mykje positivitet og eit godt miljø i gruppa». Vinnarane fekk utdelt fullt landslagsutstyr, trena med landslagstrenarar og ikkje minst møta store skiskyttaridola sine.

Artikkeltags