Medaljedryss til Vik IL sine skiskyttarar

GODE PRESTASJONAR: Vik IL gjorde det godt under vestlandsmeisterskapen i skiskyting i helga. Her er medaljevinnarane frå sprinten laurdag: Vidar Sleire Tistel, Sara-Sofie Africa Hegg, Jon Bjarte Rinde, Madelen Fosse Skagen, Jens-Henrik Hegg. (Foto: Privat)

GODE PRESTASJONAR: Vik IL gjorde det godt under vestlandsmeisterskapen i skiskyting i helga. Her er medaljevinnarane frå sprinten laurdag: Vidar Sleire Tistel, Sara-Sofie Africa Hegg, Jon Bjarte Rinde, Madelen Fosse Skagen, Jens-Henrik Hegg. (Foto: Privat)

Av

Vikjene gjorde det skarpt i vestlandsmeisterskapen i helga.

DEL

- Det har vore ein flott laginnsats, seier Trude Undebakke, leiar i skiskyttargruppa i Vik.

Gode resultat

Vestlandsmeisterskapen gjekk av stabelen i Sunnylven i Stranda kommune i Møre og Romsdal. Det starta med sprint laurdag, der sogningane hevda seg i fleire klassar. I J13 tok Sara- Sofie Africa Hegg sølv, medan Madelen Fosse Skagen tok bronse. Bronse vann også Jon Bjarte Rinde I G13. Jens-Henrik Hegg fekk også bronse i klassen M17.

Comeback og medalje

Vidar Sleire Tistel (43) er tidlegare skiskyttar på høgt nivå. Han og to andre fedre gjorde comeback i helga, og Vidar klinte til med ein ny sølvmedalje til samlinga si.Søndag var det normal som stod på programmet. Her suste Madelen Fosse Skagen inn til gull i klasse J13, medan Jon Bjarte Rinde vann sølv og Robin Holen Årevik tok bronse i G13. Jens-Henrik Hegg (M17) vann sølv i denne øvinga.Det betyr at Madelen Fosse Skagen, Jon Bjarte Rinde og Jens-Henrik Hegg tok medaljar både i sprint og normal i denne meisterskapen.I tillegg gjekk Andrea Heimdal Aase inn til 1. plass i J12, men her blir det ikkje delt ut medaljar før 13-årsklassen og eldre. Aase hadde nok ein gong feilfri skyting, akkurat som på heimebane for nokre veker sidan. - Det var fleire utøvarar som var nær medalje. Me veit at vestlandsutøvarane frå Hordaland og Sogn og Fjordane også hevdar seg godt i nasjonale meisterskap, så konkurransen i helga har vore god, seier Trude Undebakke.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken