Hoppa til andreplass på folkefesten: - Den som vinn på Byrkjelo tek heile kaka

NUMMER TO: Henrik Holmberg hoppa 1,95 meter og enda dermed på andreplass under Høgdegallaen i Vik laurdag. (Foto: Endre Romøren)

NUMMER TO: Henrik Holmberg hoppa 1,95 meter og enda dermed på andreplass under Høgdegallaen i Vik laurdag. (Foto: Endre Romøren)

Av

Henrik Holmberg måtte gje tapt mot erkerivalen på heimebane.

DEL

Høgdegallaen blei arrangert i samband med Gammalostfestivalen i Vik laurdag føremiddag.Heimefavoritten Henrik Holmberg var i aksjon, men måtte ta til takke med andreplass etter å ha kome til kort mot erkerivalen Frederik Jahr frå Oslo.Holmberg hoppa 1,95, men reiv i alle tre forsøka på 2,00 meter. Jahr klarte den høgda, og lukkast også med å ta seg over 2,03 meter.- Eg slo Frederik i NM innendørs, og så slo han meg no. Dermed står det 1-1 mellom oss i år, dermed blir det slik at den av oss som vinn på Byrkjelo tek heile kaka, seier Holmberg.

- Grei start

Han sette ny personleg rekord med eit hopp på 2,06 meter då NM-gullet blei sikra i vinter, men var likevel ikkje så altfor misnøgd med 1,95 i dagens konkurranse. - Det er ein grei start på utandørssesongen. Det er små marginar i høgdehopp, og eg har ikkje hoppa sidan eg vann NM. Dette var første gongen. Eg er mangekjempar, og då må eg trena på det eg er dårlegast på. Det er ikkje høgde, seier Holmberg.

- Fantastisk ramme

Vik viste seg fram frå si beste side under dagens festival og konkurranse, der dei mange hundre tilskodarane gjorde at det var fullstappa i området rundt høgdelista.- Det var ei fantastisk ramme, med publikum, flott vér og god stemning. Dette er essensen med friidrett, og det er heilt enormt at me har klart å laga landets beste høgdegalla her i Vik, seier Holmberg.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken